Heim Nyhende – Voss, Vik og Aurland eit kommunealternativ

– Voss, Vik og Aurland eit kommunealternativ

Telemarksforsking meiner det er realistisk at Voss, Vik og Aurland kan bli ein fylkeskryssande storkommune.

 

NRK.no fortel at forskingsinstituttet har sett på samanslåing av dei tre kommunane som eit tilleggsalternativ til dei alternativa Sogn regionråd har greidd ut.

Prosjektansvarleg i Telemarksforsking Bent Aslak Brandtzæg meiner ei samanslåing av dei tre kommunane mellom anna vil kunne gi økonomisk gevinst på tenester og samfunnsutvikling.

– Ein del av dette er knytt til den framtidige samferdslesituasjonen i regionen. Viss ein får Vikafjellstunnel og oppgradering av E16, så blir regionen tettare knytt saman. Du vil i større grad få ein felles bu- og arbeidsmarknad, seier Brandtzæg til NRK.no.

Ordførar i Vik Olav Turvoll (Sp) er ikkje framand for å vurdere forslaget som eit alternativ. Kommunen vurderer også ei samanslåing som er i samsvar med intensjonsavtalen med Sogn regionråd. Her ser ein på moglegheita for ein storkommune i Sogn. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...