Heim Nyhende Vil løfte innvandrarane

Vil løfte innvandrarane

Bergen kommune vil sende innvandrarar på leiarkurs. Målet er å hente fleire innvandrarar med høg kompetanse inn i jobbar på sitt nivå, seier byråd for helse og inkludering, Christine Meyer (H).

I Bergen kommune jobbar det for tida omlag 1 500 innvandrarar, dei fleste av dei er ikkje-vestlege.

– Vi er klar over at veldig mange innvandrarar har jobbar dei eigentleg er overkvalifiserte for, seier Meyer. Eit leiarprogram skal no gje somme av desse mulegheiter til å kome seg høgare opp i systemet, i tillegg til at dei vil få ei generelt kompetanseløft.

Programmet er i utgangspunktet eit vanleg leiarprogram, men i tillegg har dette kurset fokus på norsk bedriftskultur og samfunnskunnskap.

– Korleis skal de rekruttere til dette kurset?

– I første rekkje blir våre leiarar bedne om å finne gode kandidatar i sine einingar, seier Meyer. Desse kandidatane må allereie ha jobbar kor dei har eit visst leiaransvar.

I tillegg leier helsebryåden eit samarbeidsforum for rekruttering av innvandrarar der det er representantar for innvandrarorganisasjonane, NHO, LO, Helse Bergen og ei rekkje andre organisasjonar. Her vil det også vere aktuelt å be desse finne kandidatar innanfor eigne organisasjonar.

Leiarprogrammet blir eit deltidsstudium som går over to år.

Førre artikkelVekst i søkjartala
Neste artikkelVil ha norsk i Statoil

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...