Heim Nyhende Vil ha nettbank på nynorsk

Vil ha nettbank på nynorsk

Surnadal Heimbygdlag meiner det er kritikkverdig at Surnadal Sparebank ikkje tilbyr nynorsk på nettbanken, skriv Driva.

Korkje Surnadal, Rindal eller Sunndal sparebankar tilbyr nynorsk på nettbanken. Deira nettleverandør tilbyr per i dag ikkje den tenesta, skriv lokalavisa Driva.

– Om ikkje Surnadal Sparebank kan gje tilbod på nynorsk, kan det bli aktuelt å oppfordre nynorskkundar om å flytta pengane til konkurrenten, seier Trygve Roaldset, leier i Surnadal Heimbygdlag.

Konkurrenten Sparebank 1 Alliansen tilbyr nynorsk på sine nettbankar. Alliansen innførte nynorsk val i nettbanken ettr eit samla krav frå nynorskbankane på Vestlandet for eit år sidan.

– Kostnaden er marginal med tanke på den forbetringa valet er for dei mange nynorskkundane vi har, seier Hans Tronstad, informasjonsdirektør i alliansen til Driva.

Tilknytinga til Surnadal Sparebank, Terra Gruppen, tilbyr ikkje nynorsk no, men vil ta opp nynorskspørsmålet til vurdering òg seier nynorsk kan kome.

 

Førre artikkelDiktarvegen på nett
Neste artikkelHøgre vil stoppe E-val

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...