Heim Nyhende Vil ha meir nynorsk - på måndag

Vil ha meir nynorsk – på måndag

Mediemållaget håper alle landets redaksjonar slepper nynorsken til i spaltene på Ivar Aasens fødselsdag 5. august.

– Det vil vera stas om dei store avisene heidrar Ivar Aasen og jamstellinga på 200-årsdagen. Det er journalistar med nynorskbakgrunn i dei fleste redaksjonane, så det kunne vera redaksjonelt stoff kvar dag. Dessutan er vi mange lesarar rundt i heile landet som gjerne vil møta nynorsken på alle slags stoffområde. Aviser som VG, som har nedslagsfelt over heile landet, er avis for oss nynorskingar òg, seier leiar Berit Rekve. 

Det var under utdelinga av Nynorsk redaktørpris i vår at Mediemållaget lanserte framlegget om at alle redaksjonane burde nytte høvet til å fremje nynorsken denne dagen, og Rekve håpar no at redaksjonane ser sitt snitt. 

– Med eit slikt tiltak på ein spesiell dag, kan det vera at fleire lesarar av desse avisene vil sjå at jamstelling går heilt fint. Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad er jo framifrå døme på det. Dei utvekslar stoff med Aftenposten, men der vert det først omsett til bokmål. Eg er overtydd om at Aftenposten-lesarane gjerne les nynorsk når dei vert vane med det, seier Rekve.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...