Heim Nyhende Vil gjere noko med lærarutdanninga

Vil gjere noko med lærarutdanninga

Språkrådet gjennomførte tidlegare i vinter ei undersøking kor det kom fram at det er kunnskapsmangel hos lærarane i nynorsk. Språkråd-direktør Arnfinn Muruvik Vonen vil dermed setje søkjelyset på lærarutdanninga.

– Det har kome fram i undersøkinga Språkrådet gjennomførte at kunnskapen er låg hos lærarane og at det gjer at dei er mindre motiverte for å bruke nynorsk i undervisinga. Kva tenkjer du då om lærarutdanninga, spurde mållagsleiar Håvard B. Øvregård Muruvik Vonen då det blei opna for spørsmål frå salen etter språkråd-direktøren si samtale med tidlegare NRK-journalist Audgunn Oltedal under Dei nynorske festspela.

– Undersøkinga vi hadde i vinter viser at det er kunnskapsmangel hos lærarane. Vi må gjere både lærarane og elevane merksame på at dei har reelt bruk for nynorsk i ei lang rekke jobbar, byrja Muruvik Vonen.

– Vi har dokumentert at noko må gjerast med lærarutdanninga, haldt han fram. Akkurat kva som skal gjerast kunne han ikkje seie noko om nå.

Arnfinn Muruvik Vonen peika under samtala med Audgunn Oltedal på at det ikkje er føremålstenleg å fjerne karakteren i sidemål i den norske skulen.

– Det er allereie ei stor utfordring å motivere elevane til å lære seg å bruke nynorsk, og viss vi fjernar karakteren vil dei bare bli endå vanskelegare å motivere dei, slo Muruvik Vonen fast.

Noreg har ifølgje språkråd-direktøren tradisjonelt vore eit tolerant land når det gjeld språk.

– Det viser seg mellom anna gjennom bruken av dialekt i det offentlege rommet, men eg trur vi har behov for å få meir kunnskap om nordmenn sine språkhaldningar, sa han.

Som han tidlegare har gjort, mellom anna i eit intervju tidlegare her på lnk.no, så var Muruvik Vonnen opptatt av å bruke Mål og meining, stortingsmeldinga, som rettesnor for sitt arbeid i Språkrådet.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...