Heim Nyhende Vestlandet på festivaltoppen

Vestlandet på festivaltoppen

Natur, eldsjeler og smitteeffekt får skulda for at Hordaland og Sogn og Fjordane er på festivaltoppen i Noreg.

Ingen andre fylke har så mange musikkfestivalar som Hordaland. Og i forhold til folketalet toppar Sogn og Fjordane listene, viser tal som Framtida.no har henta inn.

Berre i Hordaland er det minst 31 musikkfestivalar, medan talet for Sogn og Fjordane er minst 12, ifølgje Brak.

Også på listene over tildelingar frå Kulturrådet og medlemmer i Norske konsertarrangører er festivalane i Hordaland og Sogn og Fjordane på topp.

– Me er best på fest. Hordaland er jo eigentleg eit ekstremt festivalfylke, seier Sigvard Madsen, festivalsjef for Tysnesfest. I fjor selde Tysnesfest 23.000 billettar, og er med det ein av dei største festivalane på Vestlandet. Tysnesfest startar onsdag, og i løpet av festivalen blir folketalet i kommunen med knapt 3000 innbyggjarar mangedobla.

Avhengige av publikum
Festivalsjef for Malakoff Arnt-Ivar Naustdal trur måten Sogn og Fjordane er organisert er ei av årsakene til at det er så mange festivalar i fylket.

– Festivalar har blitt identitetsskapande og ein positiv aktivitet for bygda. Samstundes må ein ha folk som er villige til å gå på festival. Det har kome mange bra festivalar i regionen, og mange av oss samarbeider godt og lærer av kvarandre, seier han. Ikkje alle tek vare på helsa på festival.

Viktige eldsjeler
– Eg trur det er kombinasjonen av eldsjeler og utruleg natur, seier Karen Sofie Sørensen. Ho er dagleg leiar i Brak, interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Ho understrekar at det er eldsjelene som er viktig for å starta festivalar.

– Mykje er basert på frivilligheit og støtte frå kommunane, seier ho. Sørensen trur òg Bergen har vore viktig for mange.

– Mange festivalar har blitt starta av unge som har tilhørsle til ein stad, og som har skaffa seg erfaring frå Bergen.

Færre i Rogaland
Sjølv kjem Karen Sofie Sørensen frå Rogaland, og ho fortel at det er fleire frå Rogaland som kommenterer den store forskjellen mellom vestlandsfylket i sør og naboane lenger nord. Ho er usikker på kvifor det ikkje blir arrangert fleire festivalar i Rogaland, men nemner at det ein ikkje har klart å laga til ein skikkeleg byfestival i Stavanger.

– Ein har ikkje så mange miljø rundt i Rogaland som påverkar andre. Det er ikkje så mange som kan dela erfaringar med andre vidare rundt i fylket, trur ho. Håkon Vatle, festivalsjef for Stordfest og bransjefestivalen 100dagar, seier til Framtida.no at han er spent på korleis utviklinga i Rogaland vil vera etter nedgangen i oljebransjen.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...