Heim Nyhende Venstre vil ha nynorskløft i statsbudsjettet

Venstre vil ha nynorskløft i statsbudsjettet

Venstre vil auke løyvingane til fleire nynorsktiltak, går det fram av det alternative budsjettet som partiet la fram tysdag.

– Venstre vil arbeide for ei solid nynorsksatsing i budsjettforhandlingane med regjeringa. Igjen er det Venstre som må sørgje for budsjettstyrking av nynorsk språk og kultur, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

Venstre går mellom anna mot framlegget frå regjeringa om å overlate til Språkrådet å fordele støtte til språkorganisasjonar og språktiltak, og foreslår å auke støtta til Nynorsk Avissenter og Nynorsk pressekontor med ein halv million kroner kvar.

– Særleg lokalaviser er store nynorske tekstprodusentar, og gode nynorskjournalistar er viktige både for journalistikken og for at innbyggjarane skal få høve til å møte nynorsk i kvardagen, seier han.

I det alternative budsjettet sitt har Venstre òg lagt inn 1,2 millionar kroner til Nynorsk kultursentrum og etableringa av eit Vinje-senter. Partiet har òg sett av 1,3 millionar kroner til digitalisering og oppdatering av Norsk Ordbok.

Ifølgje Sveinung Rotevatn føreslår Venstre i tillegg 1,5 millionar kroner til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i budsjettet.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...