Heim Nyhende Valforskar seier Høgre kan bli størst

Valforskar seier Høgre kan bli størst

Veljarane strøymer til Høgre frå alle parti og i eit så stort omfang at valforskar Frank Aarebrot seier partiet kan bli landets største.

Oppslutninga om Høgre har stige jamt og trutt kvar einaste månad sidan valet i fjor haust. I juni landa partiet på 24,9 prosent når ein legg eit snitt av alle månadene sine målingar til grunn.

No viser Aftenpostens omfattande veljarpanel at Erna Solbergs parti stel veljarar frå alle kantar:

Sidan hausten 2009 har Høgre fått 133.000 veljarar frå Framstegspartiet, 129.000 frå Arbeidarpartiet og rekruttert heile 178.000 veljarar frå «sofaen».

– Dette er forrykande tal. Høgre kan bli det største partiet på Stortinget, seier valforskar Frank Aarebrot til Aftenposten, og trur Høgre kan regjere ålene dersom trenden held seg. Dessutan meiner han tala viser at partileiar Solberg har mykje av æra.

– Mens Siv Jensen (Frp) framstår som ein partileiar i opposisjon, framstår Erna Solberg som ein statsminister. Ho uttaler seg med tyngde og moderasjon, og ho blir ikkje «sjokkert». Og så snakkar ho om Høgres politikk, seier han. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...