Heim Nyhende Valdres Mållag tilbyr gebyrfri språkbank

Valdres Mållag tilbyr gebyrfri språkbank

Valdres Mållag tilbyr alle interesserte – privatpersonar, organisasjonar, forretningar, reiselivsbedrifter – hjelp til å bruke god nynorsk i det dei skriv.

 

Det melder «banksjef» i mållaget, Bjørg Lerhol.

 

– Alt skriftelg materiale som folk gjerne vil ha på korrekt og godt språk – brev, program, annonsar, reklame og anna, kan vi ta oss av. Vi har filialar i alle kommunar og ein baksjef som kan vere rådgjevar på språkområdet. Og her er det ingen gebyr, alt er gratis. Vi trur også at mange kan tene på å bruke nynorsk, og då sjølvsagt korrekt språk, seier Lerhol til Valdres.no.

Språkbanken er eit felles prosjekt for alle seks mållaga i Valdres. Bjørg Lerhol hadde ideen til prosjektet.

– Vi i mållaget har snakka om å få fleire bedrifter i Valdres til å nytte nynorsk. For nokre år sidan prøvde vi å dra i gong eit seminar på Beitostølen for næringslivet. Vi hadde fått tak i fleire gode innleiarar, men vi fekk inga påmelding til seminaret. Det var då vi fann ut at vi måtte prøve å få til noko som bedriftene lett kunne nytte seg av, fortel idemakaren til LNK.no.

Det er ein «bankmedarbeidar» i kvar av dei seks Valdres-kommunane. Alle desse seks medarbeidarane jobbar på dugnad for språkbanken. Lerhol er spent på om bedriftene kjem til å nytte seg av tilbodet.

– Vi skal prøve å bleste tilbodet i lokale medium, så får vi sjå kor travelt vi får det, seier ho.

– Om du er interessert i hjelp eller bare er nysgjerrig på kva du kan nytte denne banken til, er det bare å ta kontakt med meg, legg ho til.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...