Heim Nyhende Vaksenopplæring på bokmål - også i nynorskkommunar

Vaksenopplæring på bokmål – også i nynorskkommunar

Norsklærarane meiner i mange høve det er best for innvandrarane å få norskundervisning på bokmål, sjølv om dei bur i ein nynorskkommune, skriv NRK Sogn og Fjordane. 

Sju av 26 kommunar i Sogn og Fjordane brukar berre bokmål i norskundervisninga av innvandrarar. Lærarane meiner det er for lite læreverk på nynorsk og peikar på at fleire av innvandrarane flyttar austover, skriv NRK Sogn og Fjordane. 

Flora er ein av kommunane som berre tilbyr undervisning på bokmål, noko mange av elevane også ynskjer. 

– Eg har prøvd å lære nynorsk, men det er veldig vanskeleg. Eg prøver og prøver, men nei. Bokmål det er betre, seier ei ung kvinne til NRK Sogn og Fjordane. 

– Dei får plass i kommunar i Nord-Norge, på Austlandet og andre plassar, og det viser seg jo at verda er slik laga at dei fleste andre kommunar har bokmål. Dermed trur vi at våre elevar er best tente med å ha bokmål som opplæringsspråk, seier lærar Kari Ann Søreide. 

13 kommunar i fylket har derimot norskundervisninga på nynorsk. Noko Steinar Myrekrok i Førde Norsksenter er positiv til. 

– Når dei møter det same språket på skulen som dei møter på butikken, på eit offentleg kontor eller hos naboen, så er det ikkje så unaturleg at det går kjappare og dei lærer språket betre, seier Myrekrok til NRK. 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...