Heim Nyhende UiB: Volda bør bli knutepunkt for nynorskforsking

UiB: Volda bør bli knutepunkt for nynorskforsking

Universitetet i Bergen vil òg samarbeida om felles senter for framifrå utdanning i mediefag.

 

Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen vurderer å søkje om pengar til eit felles senter for framifrå utdanning i mediefag. Eit samarbeid om språksamlingane, som universitetet overtok ansvaret for før jul, er òg på bordet.

Mens alliansekamerat Høgskulen i Lillehammer no snakkar med Høgskolen i Hedmark om ein mogleg fusjon, brevvekslar rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda med rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen, skriv høgskuleavisa Khrono.

Ikkje avvisande til samanslåing
Roppen er ikkje avvisande til at Høgskulen i Volda på sikt kan vekse saman med og bli ein del av Universitetet i Bergen.

– Men da kjem det eventuelt til å skje organisk og heilt naturleg, ikkje etter press, seier Roppen til avisa.

Der er han og UiB-rektoren heilt på linje.

– Det er betre å starte med det faglege samarbeidet, i motsetning til å byrje med ein «top-down»-fusjon og håpe på at ein etterpå får samkøyrt fagmiljøa, seier Olsen til universitetsavisa På høyden.

LES OGSÅ:Nifu tilrår høgskulefusjon i vest

Felles mediefagsenter
I eit brev til Roppen har Olsen mellom anna foreslått ein felles søknad om eit senter for framifrå utdanning (SFU) i mediefag og at Høgskulen i Volda tar på seg ansvaret for Norsk Ordbok og leksikografidelen av dei nasjonale språksamlingane. Olsen meiner dessutan at Volda bør ha ein naturleg knutepunktfunksjon for nynorskforskinga på Vestlandet.

Han ser elles for seg samarbeidsmoglegheiter innanfor masterutdanning i historie, lærar- og lektorutdanning, kunstfag og fjernundervisning.

LES OGSÅ:Volda positive til samarbeid med Bergen

– God mottaking
– Brevet og skissene til samarbeid med Universitetet i Bergen har fått veldig god mottaking her i Volda, seier Roppen, som strekar under at dette stadig handlar om samarbeid og ikkje fusjon.

Torsdag denne veka er det likevel forslaget til ein allianse med Høgskulen i Molde og Høgskulen i Lillehammer som skal på bordet. Da skal dei tre høgskulane møte Kunnskapsdepartementet, som truleg gir dei eit klart ja eller nei til ein slik samarbeidsmodell som eit alternativ til fusjon. (©NPK)

KOMMENTAR: Mangelfull rapport om høgskule-fusjon

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...