Heim Nyhende – Ta vare på stadnamna våre

– Ta vare på stadnamna våre

Noregs Mållag fryktar at vernet av stadnamna fell vekk når Kulturdepartementet no vil gje grunneigarane rett til å bestemme korleis bruksnamn skal skrivast.

Føremålet med stadnamnlova er å verne stadnamn som kulturminne. Stadnamn er rike kulturhistoriske kjelder, og eit hovudpoeng ved å innføre lov om stadnamn i 1990 var å verne dei nedervde uttalane av stadnamna.

No har Kulturdepartementet sendt på høyring eit framlegg om å endre lova og dermed gje grunneigarane råderett over skrivemåten av bruksnamnet på bruket. Då fell vernet av desse namna vekk.

– Mållaget fryktar at bruksnamna som held seg til nedervd uttale, forsvinn. Det er den nedervd uttalen som ofte viser attende til kva opphav og tyding namna har. Det er viktig at skrivemåten ikkje skuggar for meiningsinnhaldet. Det er med andre ord dei lange linene i kultursoga vår som no kan bli brotne for godt, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag (bildet).

Noregs Mållag meiner stadnamnrøkt er eit samfunnsansvar òg for bruksnamn. Det er hjå grenda og nabobruka bruksnamnet er mest i bruk.

– Mållaget fryktar at om vernet av bruksnamna fell vekk, vil det auke presset slik at også dei kringliggjande stadnamna i framtida kan få skrivemåtar som skil seg frå gjeldande rettskriving og opphav og tyding, seier Marit Aakre Tennø.

Samstundes ser mållaget positivt på at Kulturdepartementet i framlegget til ny lov vil betre informasjonen til grunneigar om kva argument fagmiljøa legg vekt på i sine avgjerder i namnesaker.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...