Heim Nyhende Stortinget vedtok feil nynorskversjon av Grunnlova

Stortinget vedtok feil nynorskversjon av Grunnlova

Ved ein glipp vedtok Stortinget i vår feil versjon av Grunnlova på nynorsk.

 

Dei folkevalde vedtok på det historiske 200-årsjubileet på sjølvaste 17. mai ein versjon som inneheld 25 språklege skilnader frå den versonen som er den rette, skriv Aftenposten.

Leiaren av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, Martin Kolberg (Ap), kalla den gong vedtaket historisk. No seier han at det har skjedd eit hendeleg uhell.

Framlegget til ein nynorsk versjon av Grunnlova blei innlevert av Frps Anders Anundsen og Per-Kristian Foss frå Høgre i september i fjor. Fleire språklege endringar blei gjennomført, men då Stortinget skulle stemme, var det altså det opphavlege framlegget til Anundsen og Foss det blei stemt over. Slik var det den nest siste versjonen blei vedtatt.

– Anundsen og Foss visste sjølvsagt ikkje at det ikkje var den siste versjonen dei leverte inn. Uansett betyr dette at Stortinget har vedtatt ein grunnlovstekst som på 25 punkt skil seg frå det Stortinget trudde dei vedtok, seier professor emeritus Finn-Erik Vinje som på oppdrag frå Stortinget jobba med språket i Grunnlova. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...