Heim Nyhende Språkstrid i romanform

Språkstrid i romanform

Arnfinn Kolerud har skrive bok om språkstriden mellom nynorsk og bokmål. 

 

Kom ikkje inn i mitt hus av Arnfinn Kolerud handlar om den uendelege språkstriden mellom nynorsk og bokmål. Innbyggarane i den siste, trassige nynorske landsbyen Vassbygda står steilt i mot presset frå bokmål og engelsk.

Historia handlar omBendik Uføre som  veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort. Det skal han greie med hjelp av makelause premiar og Enella Frø, ei dame som har forlese seg på dikt og som er sterkt plaga av tankesprang. Snart vekker dei nynorske diktarkorta harme og glede og tjuvar over heile landet. Austlendingane held krisemøte og ein minister i regjeringa må ta sin globus og gå.

Forfattar Kolerud  fortel at har har lånt utgangspunktet frå Asterix og dei andre gallarane sin kamp mot dei mektige romarane, skriv Samlaget i ei pressemelding.

– Men nynorskingane i Vassbygda har ikkje styrkedråpar. Dei må forsvare seg med nynorsk kultur. Dei lagar samlekort av dei 20 framste nynorske diktarane og håper at korta skal bli like populære som fotballkort, russekort og monsterkort, seier Kolerud. 

Kolerud er frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Kom ikkje inn i mitt hus er andre bok i Vassbygda-trilogien. Første bok, Når ein først skal skyte nokon, kom i 2010.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...