Heim Nyhende Språkprisen 2012 til Norheim og Tunstad

Språkprisen 2012 til Norheim og Tunstad

Marta Norheim får Språkprisen 2012 for framifrå nynorsk. Bokmålsprisen går til Erik Tunstad.

– Vinnarane er lesarorienterte, engasjerande og viktige stemmer i det norske sakprosalandskapet, seier juryen.

Språkprisen er Språkrådet sin pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Eit fellestrekk ved vinnarane av Språkprisen 2012 er at dei begge formidlar omfattande fagstoff til ei brei ålmente.

– Begge har gjennom bøkene sine vist at dei både kan trekkje opp lange linjer og stogge ved karakteristiske detaljar som kastar lys over heilskapar. Dei er begge lesarorienterte og engasjerte – og engasjerande. Dei to kjem frå kvar sine fagfelt: den eine frå litteraturvitskap og humanistiske fag, den andre frå naturvitskap og forskingsjournalistikk. Begge er viktige stemmer i det norske sakprosalandskapet, seier juryen. 

Nynorskprisen går til Marta Norheim for bøkene Røff guide til samtidslitteraturen (2007) og Friksjonar. Essay frå kulturelle grenseområde (2011).

– Vinnaren av nynorskprisen er ein av våre fremste tolkarar og formidlarar av norsk samtidslitteratur, ein opplysande brubyggjar mellom skjønnlitteraturen og det store, lesande publikummet. I to essaysamlingar frå dei siste åra reflekterer ho over sentrale tema i nyare norsk litteratur og i det norske kulturelle landskapet. I begge bøkene viser ho stor evne til å vise fram og drøfte komplekse problemstillingar i eit presist og klårt språk. Men ho kan òg lage forfriskande metaforar, som når ein laptop vert til «utlagd hjerne», skriv juryen. 

Ove Eide, Tiril Rem, Karianne Skovholt og Espen Søbye sit i juryen for Språkprisen.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...