Heim Nyhende Sørlandsbedrifter heidra for godt namnevit

Sørlandsbedrifter heidra for godt namnevit

Elleve bedrifter i Aust- og Vest-Agder får diplom frå Språkrådet for godt namnevit.

– Det er ei glede å gje ei ekstra merksemd til bedrifter som viser i praksis at norsk duger som marknadsføringsspråk og bruksspråk i næringslivet. «Bruk norsk når du kan, og engelsk når du må» er ein god regel. Desse elleve sørlandsbedriftene fortener ros for at dei har brukt norsk på ein god og kreativ måte, seier direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim.

Dei elleve bedriftene som blir heidra for godt namnevit er: Bergsam, (byggfirma i Setesdal), Bånsull (barnetøy, med ullundertøy som spesialitet i Kristiansand), Første Steg Fotterapi (Søgne), Grav og Spreng (grave- og sprengingstenester i Tvedestrand), Hjulius (dekkbedrift i Kristiansand), Hos Naboen (restaurant i Kristiansand), Kjesken (gatekjøkken i Tangvall), Logomotivet, (logo, skilt i Sogndalen), Ordkraft (konsulentselskap innan kommunikasjon i Kristiansand), Skobutikken Hæla i Taket (Søgne og Lillesand)

Diplomet for godt namnevit blir delt ut kvart år til næringsdrivande i eit fylke eller ein landsdel. Diplomutdelinga er eit ledd i arbeidet for å motverka unødvendig bruk av engelsk. (NPK)

Førre artikkel– Vis fram jobbane
Neste artikkelTromsø best på nett

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...