Heim Nyhende Sogn og Fjordane på nasjonal lesetopp

Sogn og Fjordane på nasjonal lesetopp

Sogn og Fjordane gjer det betre enn landsgjennomsnittet på dei nasjonale prøvane i lesing.

 

I fleire kommunar presterar elevane i år betre enn landsgjennomsnittet på nasjonale prøver i lesing samanlikna med i fjor. Samstundes har fleire elevar fått fritak frå prøvene, skriv Firda.no.

 

Ifølgje eit oversyn fra Utdanningsdirektoratet har det dei siste tre åra blitt dobbelt så mange kommunar som ligg over det nasjonale gjennomsnittet i nasjonale prøver i lesing på 5. trinn. I 2011 ligg 30 prosent av kommunane over landsgjennomsnittet.

Også for 8. trinn er det fleire kommunar som ligg over landsgjennomsnittet i år samanlikna med i fjor.

Det er elevane i Akershus, Oslo og Sør-Trøndelag som gjer det best samanlikna med det nasjonale nivået på 5. trinn.

Oslo og Akershus har best resultat på 8. trinn, men òg i Buskerud, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag gjer elevane det på dette trinnet betre enn landsgjennomsnittet.

Jenter presterar framleis betre enn gutar i lesekunnskapar. Det er større skilnad mellom kjønna på 8. og 9. trinn enn på 5. trinn.

Nasjonale prøver i lesing vart gjennomført for om lag 180.000 elevar i 5., 8., og 9. trinn i september.

Prøvane er på papir og inneheld oppgåver som å finne informasjon i tekstar, tolke og forstå tekstar og reflektere over og vurdere form og innhald i tekstane.

Fleire elevar fekk i år fritak frå å vere med på prøvane enn tidlegare i år. Dette er ein trend som har vart heilt sidan ordninga med nasjonale prøver vart innført.

Utdanningsdirektoratet trur at dette kan ha samanheng med at det har vore ein auke av elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning, særleg i norskfaget.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...