Heim Nyhende Sluttar som generalsekretær i Noregs Ungdomslag

Sluttar som generalsekretær i Noregs Ungdomslag

Eli Ulvestad har varsla styret om at ho seier opp stillinga si i Noregs Ungdomslag, og at siste arbeidsdag blir 31. mai.

 

Eli Ulvestad har vore generalsekretær i NU sidan 2009, og er no inne i si siste åremålsperiode. Det ligg såleis ingen dramatikk bak avgjerda om å slutte.

– Eg har hatt ni fantastiske år i ein makelaus organisasjon, seier Eli. I denne perioden har organisasjonen sentralt vore gjennom store strukturelle endringar, og det har vore svært spennande å få vere med på dette omstillingsarbeidet. – Eg har heile vegen blitt inspirert av dei mange eldsjelene i ungdomslaga, som står på for å skape eit levande kulturliv lokalt, og som sørger for eit kulturtilbod for både små og store.

– Eg har vore privilegert som har fått arbeide i ein organisasjon som Noregs Ungdomslag, som er ein organisasjon som betyr mykje både i ein lokal og ein nasjonal samanheng. Sjølv om det er vemodig å slutte, er det ei tid for alt.

Ulvestad sluttar i NU for å starte i ei stilling som dagleg leiar for SV sitt partikontor. Stillinga som generalsekretær vil bli lyst ut i løpet av kort tid.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...