Heim Nyhende Sel bøker til India

Sel bøker til India

Dei to biletbøkene Jakob og Neikob og  Månen som ville lyse som ei sol er selde til India.

 

Det er Kari Stais biletbok Jakob og Neikob og Elin Grimstads debutbok Månen som ville lyse som ei sol som no er selde for utgjeving i India. Begge bøkene kjem ut i løpet av neste år.

Det indiske forlaget skal lage tolv ulike utgåver på språka hindi, bengali, punjabi, assamese, oriya, urdu, telugu, tamil, kannada, malayalam, marathi og gujarati. Desse utgåvene vil bli selt over hele India. I tillegg vert det gitt ut ei eiga engelsk utgåve for sal i det indiske territoriet. Det er en sjeldan at norske bildebøker finn vegen til desse språkområda.

Kari Stais Jakob og Neikob kom ut på Samlaget i 2008, og er tidlegare selt til Tyskland, Frankrike og Danmark. Fleire land står for tur. Boka har fått svært gode meldingar og blir omtalt som ein moderne klassikar. Jakob og Neikob finns også som app og barneTV- film. Den nye boka i serien; Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake er nominert til Brageprisen i år, som beste barnebok.

Elin Grimstad debuterte i vår med Månen som ville lyse som ei sol der ho ved hjelp av tusenvis av utklippsfigurar har skapt eit heilt unikt univers.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...