Heim Nyhende Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon


I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman om ei satsing har talet på nynorskartiklar skote i vêret.

I 2020 inngjekk Nynorsk kultursentrum eit samarbeid med Store norske leksikon. Målet var å auke nynorskinnhaldet i SNL, slik at fleire møter nynorsk i kvardagen.

Som ein del av satsinga vart nynorskleksikonet Allkunne ein del av SNL. No er jobben med å flytte Allkunne-artiklane inn i SNL ferdig, allkunne.no er lagd ned og SNL har 17 500 artiklar på nynorsk.

– Dette er det viktigaste arbeidet stiftinga gjer for å nå 16-åringar med nynorsk som hovudmål og alle andre som treng påliteleg innhald på nynorsk på nett. Våre medarbeidarar har saman med tilsette i Store norske leksikon gått gjennom kvar einaste artikkel, oppdatert innhaldet og gjort dei tilgjengelege for lesarane, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Fortener eit stort publikum

Bakgrunnen for samarbeidet var ei semje om at det gode innhaldet frå Allkunne fortente å nå ut til eit breiare publikum, som det gjer i SNL. SNL er Noregs største nettstad for kunnskapsformidling, med 600 000 lesne artiklar kvar dag. I tillegg var det eit ønske om å eksponere folk for begge dei norske skriftspråka som ein naturleg del av språkmangfaldet vi har her i landet.

– I tillegg er samarbeidet ei sikring av at den nynorske kulturhistoria blir dokumentert, seier Sandsmark. Med å ta i bruk både nynorsk og bokmål på alle fagområde i leksikonet styrkjer vi også norsk fagspråk og terminologi.

Vil doble talet på nynorskartiklar

Den store auken speglar seg også i lesartala. I år vil det bli lese om lag 3,5 millionar artiklar på nynorsk på snl.no. Ein viktig og sjølvforsterkande effekt av samarbeidet er at fleire forfattarar og fagansvarlege no tek initiativ til å skrive på nynorsk. Førebelse analysar viser at det har lite å seie for lesinga av artiklane om dei er skrivne på nynorsk eller bokmål, ifølgje Erik Bolstad, sjefredaktør og dagleg leiar i Store norske leksikon.

Og fleire skal det bli. Framover skal institusjonane jobbe systematisk for endå meir
nynorskinnhald i SNL. Målet er å doble talet på nynorskartiklar.

– Kunnskapsformidling på nynorsk er eit viktig satsingsområde for oss, sjølv om vi ikkje lenger driv eige leksikon. Gjennom samarbeidet med SNL skal Nynorsk kultursentrum bidra med dokumentasjon av den nynorske kulturhistoria, artikkelskriving og språkrettleiing og omsetjing av artiklar frå bokmål til nynorsk, avsluttar Sandsmark.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...