Heim Nyhende Raus støtte til Falturiltu

Raus støtte til Falturiltu

Økonomien sikra for den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen.

 

– Falturiltu er svært stolte og glade over å ha motteke støtte både frå Sparebanken Vest på 115.000 kroner og SKL på 50.000 kroner i året i tre år. Dette er ei stor fjør i hatten, og signal om at arbeidet me gjer me formidling av god nynorsk barne- og ungdomslitteratur blir verdsett. Saman med støtta frå Kulturrådet, Samlaget og HSH, gjev dette oss gode rammer for å laga den festivalen me drøymer om både i 2014 og åra som kjem, skriv festivalleiar Roald Kaldestad.

Falturiltu 2014 går av stabelen i 2.-7. November og i år er tema Fantasi og fanteri. Hovudfokus blir altså fantasy og beslekta sjangrar. Danske storseljaren Lene Kaaberbøl er stadfesta, og det same er Lars Mæhle, aktuell med andre bind i serien Landet under isen.  Elles kjem Linda Eide, Finn-Erix, Erna Osland, Tor Arve Røssland og mange, mange fleire.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...