Heim Nyhende Rapport på rapport i Kultur-Noreg

Rapport på rapport i Kultur-Noreg

Dei siste to åra har Kulturdepartementet bestilt 25 rapportar for til saman 18,6 millionar kroner. – Kulturpolitisk går me ei spanande tid i møte, seier forskar.

 

Det viser eit oversyn Kulturdepartementet har laga for Aftenposten.

Stortingsmeldingar om film og allmennkringkasting har vore viktig for statsråden, i tillegg er ein nasjonal bibliotekstrategi på veg. Før kringkastingsmeldinga fekk Widvey tre rapportar om NRK, og det enda i eit utval som skal sjå nærare på finansieringa av NRK.

Kulturforskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, seier det har kome mange utgreiingar på felta statsråden ønskjer å utvikle, men meiner det har skjedd lite på dei store, tradisjonelle kulturfelta som scenekunst og museum.

– Ho har næringslivsbakgrunn og fyller det mandatet ho truleg har fått frå statsministeren om å utvikle næringspolitikken i kulturen. Dei neste to åra vil kulturfeltet vere prega av privat finansiering og eit større samarbeid mellom det offentlege og private, seier han til avisa.

Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H) meiner 18,6 millionar kroner på 20 månader ikkje er særleg høgt, og meiner dette viser at statsråden jobbar raskt og vil utrette mykje. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...