Heim Nyhende Publikumsauke på Falturiltu

Publikumsauke på Falturiltu

4.000 var innom årets utgåve av Falturiltu.

 

– Ei strålande festivalveke er over – proppfull av utstillingar, konsertar, skulebesøk, opplesingar og opera. Den rike nynorske barnelitteraturen har blitt grundig feira for sjuande gong, og blant dei mest populære arrangementa i år var HSH-operaen «Walkman», opningsfesten, med bl.a. Frode Grytten og festivalforfattar Einar Økland, og Finn-Erix m/gjestene Are Kalvø og Oddvar Torsheim, seier Kaldestad til Sunnhordland.

Totalt har 4.000 fått med seg dei ulike arrangementa, noko som er ei auke med 2.000.

– Kari Stai og Atle Hansen sytte for at dei yngste fekk oppleva kvalitetslitteratur og elles var dei bokaktuelle forfattarane og illustratørane Helga G. Eriksen, Ragnar Hovland, Atle Berge, Tor Arve Røssland, Sunniva Relling Berg, Hanne Bramness, Martine Grande, Anna R. Folkestad, Per Olav Kaldestad, Bente Bing Kleiva, Akin Duzakin, Øystein Runde og Åshild Kanstad Johnsen i sving i løpet av festivalen, legg han til.

– Kulturskulen trekte mykje folk til sin konsert, og dei var også synlege i bybiletet med spontane dikt-, musikk og danseinnslag. Galleri Giga hadde utstilling med illustrasjonar frå Økland sine tidlege barnebøker, Fitjar vidaregåande hadde laga strålande smykkeutstilling, og flotte utstillingar var det også av HSH-studentar og alle tredjeklassingane i Stord kommune. Alt inspirert av festivalforfattaren sine tekstar og temaet for årets festival «Eg fann, eg fann!».

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...