Heim Nyhende Øykommunar til kamp for eksistensen sin

Øykommunar til kamp for eksistensen sin

Åtte øykommunar vil samarbeide for å unngå å bli slått saman med andre kommunar. Dei meiner dei står i ei særstilling, og får støtte frå NTNU-professor.

 

Mange små øykommunar er redde for framtida etter at regjeringa har planar om den største kommunesamanslåinga på femti år.

– Ei samanslåing er det verste som kan skje. Heile samfunnet vil rakne og det vil bli eit øydeland, seier ordførar i Leka i Nord-Trøndelag, Per Helge Johansen til NRK. Han seier han forstår at enkelte kommunar kan og bør bli slått saman, men meiner øykommunane er i ei særstilling.

No skal øykommunane Leka, Røst, Værøy, Fedje, Solund, Utsira, Træna og Kvitsøy møtast for å leggje ein strategi for framtida.

– Målet er at vi skal sleppe kommunesamanslåing. Vi vil også få sett på dagsordenen kva slags verdi kommunane våre har, at vi ikkje er spesielt dyre i drift og at vi er viktige for landet, seier Johansen.

Han får støtte frå professor i bydesosiologi og regionalpolitikk, Reidar Almås. Han meiner det trengst ein ny kommunereform, men seier at nokre kommunar må få bestå.

– Øyar og typiske distriktskommunar, der det er lange avstandar, bør få sleppe samanslåing, seier Almås.

Han meiner likevel at desse kommunane kan vere med på reforma ved å sleppe ein del spesialiserte tenester, og i staden kjøpe dei av regionkommunen.

Leka-ordføraren seier reforma er ekstra utfordrande for øykommunar, der ein er avhengig av ferje eller båt, det er lang veg til nærmaste tettstad og det kan vere vanskeleg med pendling.

– No er vi ein eigen einskap, og den einskapen overlever nettopp fordi vi er ein eigen kommune, med skule, barnehage, lege og lensmann. Alle desse brikkene gjer at vi er eit samfunn. Men tar ein bort kommunestatusen, raknar det. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...