Heim Nyhende Oppmodar bedrifter til å nytta nynorsk

Oppmodar bedrifter til å nytta nynorsk

Leiaren i Rogaland mållag, Magne Wiggo Høyland, fryktar at fleire bedrifter vel vekk nynorsk fordi ord på denne målforma gir færre treff i søkemotorar på internett, skriv nrk.no. 

Høyland etterlyser fleire bedrifter som nyttar nynorsk. Etter søk på nett fann han ikkje ein einaste trafikkskule i nynorskkommunen Time på Jæren, medan søket gav fleire treff på trafikkskole. Høyland meiner mangelen på bedrifter som nyttar nynorsk heng saman med gamle fordommar om at det ikkje er seriøst nok å kalla det skule.

Trass i at ein på Jæren seier skule, heiter det skole på nett. Ved Googlesøk på trafikkskole får ein 829.000 treff, men byter du ut o`en med ein u får du berre 58.100 treff.

Identitet

Jærkokken, Heine Grov, nyttar derimot nynorsk bevisst i si marknadsføring. Han seier til nrk.no at han ikkje skjønar kvifor fleire lokale bedrifter ikkje nyttar nynorsk i si marknadsføring. Ifølgje Grov handlar det om identitet.

Mållagsleiaren vonar fleire vil følgja eksempelet til Jærkokken og meiner bedrifter vil tena på å nytta nynorsk i marknadsføring.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...