Heim Nyhende Opnar for superfart på E39

Opnar for superfart på E39

Samferdselsministeren vil utgreia 130 km/t på E39, sjølv om det vil gi sterk auke i klimautsleppa.


Laurdag lanserte Statens vegvesen tanken om at nye E39 mellom Bergen og Stavanger kan få ei fartsgrense på heile 130 kilometer i timen. Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) støtta forslaget og sa til Bt.no at når det gjeld nye motorvegar bør farten vera 130 km/t.

Naturvernforbundet i Hordaland reagerer på dette.

– Dette vil gjera det endå eit hakk verre å få til den reduksjonen i klimautslepp politikarane har lova. Om bilane aukar farten frå 65 km/t til 130 km/t, doblar du farten, men mangedoblar CO2-utsleppa, seier Gabriel Fliflet i Naturvernforbundet til Bergens Tidende.

Kritikken får ikkje samferdselsminister Ketil Solvik- Olsen (Frp) til å snu i saka.

– CO2-utsleppa er eit argument, men det er ikkje tungtvegande nok til at me skal la vera å vurdera auka fartsgrense. Det er mange andre samfunnsgevinstar av auka fart, slik som næringsutvikling og større arbeidsmarknader. Så må me vega for og imot. Det er det politikk handlar om, seier han, ifølgje avisa.

I ein ny rapport frå BI viser at dei samfunnsøkonomiske gevinstane ved å kobla bu- og arbeidsmarknaden mellom Bergen og Stavanger blir enorme. Produktivitetsgevinsten blir mellom 33 og 55 milliardar kroner i året for Stavanger/Haugesund-regionen og 15-50 milliarder kroner per år for Sunnhordland og Bergen. Med ei fartsgrense på 130 km/t kjem ein ned i to timar køyretid mellom byane, noko som vil gi endå større produktivitetsgevinst.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...