Heim Nyhende Nynorsk kultursentrum tek over Ulvik poesifestival

Nynorsk kultursentrum tek over Ulvik poesifestival

Nynorsk kultursentrum tek over Ulvik poesifestival frå 1. januar 2014.  – Ulvik herad er svært nøgd med avtalen. Vi har stor tru på at Nynorsk kultursentrum og Hauge-senteret har den kunnskapen og erfaringa som skal til for å videreutvikle Ulvik poesifestival, seier ordførar Hans Petter Thorbjørnsen i Ulvik.

 

Ein avtale mellom Ulvik herad og Nynorsk kultursentrum er no samrøystes vedteken i både heradsstyret og i styret for Nynorsk kultursentrum. Festivalen har vore arrangert annakvart år sidan 2000, og neste festival er lagd til 4.–7. september 2014.

– Samrøystes vedtak i både formannskap og kommunestyre er ei tillitserklæring, og vi har stor respekt for det festivalarbeidet som er utført og den oppgåva vi no tek på oss, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.

– Vi ønskjer å gi publikum endå meir festival for litt mindre pengar, og vi trur festivalen også vil syrkje Hauge-senteret, seier Sandal.

Avtalen inneber at Ulvik poesifestival blir ei budsjettavdeling i Hauge-senteret slik Dei nynorske festspela er i Ivar Aasen-tunet. Nynorsk kultursentrum svarar fullt ut for alle sider ved Ulvik poesifestival. I fireårsperioden 2014–17 skal det opprettast eit programråd, og det skal vere årlege kontaktmøte mellom avtalepartane om festivalen. Ulvik herad har forplikta seg til å løyve 500 000 kr i året til festivalen og yter som før teknisk assistanse ved gjenomføringa.

I tillegg til store eigeninntekter legg Nynorsk kultursentrum vekt på at både staten og Hordalland fylkeskommune satsar på festivalen.

Ulvik poesifestival blei første gongen arrangert i 2000 og har vore drive som eit kommunal føretak sidan 2003. Festivalsjef har heile tida for kultursjef Espen Eide i Ulvik herad. I 2012 omsette festivalen for 1,8 millionar kroner.

Det var Ulvik herad som i vår tok intiativ til forhandlingar.

– Vi tenkte veldig likt, og vi hadde begge høge ambisjonar. Difor kunne vi få til ein avtale som begge partar er nøgd med, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...