Heim Nyhende NRK vil twitre på nynorsk

NRK vil twitre på nynorsk

@NRKbok tok utfordringa om å twitre på nynorsk resten av månaden. Lnk.no har testa nynorskpulsen i redaksjonen. 

 

Det var forfattar Brynjulf Jung Tjønn som oppfordra kulturredaksjonen på nynorsk twitring sidan NRK har krav om å ha 25 prosent nynorsk. Den utfordringa tok dei på strak arm og lovar no nynorsk twitring ut månaden. Som starten på prosjektet blei redaksjonen intervjua på twitter – både om og på nynorsk.

@LNKno Morro med nynorsk stunt – kvifor vil de twitre nynorsk i heile november?

@NRKbok Fordi vi vil teste korleis ein bokmålsdreven redaksjon kan svara for seg på nynorsk, jamfør NRK-kvota =)

@LNKno Kvifor har de ikkje gjort dette før, så lenge det er krav til 25 prosent nynorsk?

@NRKbok Vi har rett og slett ikkje tenkt at NRK-kvota for nynorsk skulle gjelde på Twitter, meiner dykk det?

@LNKno Kva blir det vanskelegaste med å berre bruke nynorsk trur de?

@NRKbok Kor vanskeleg kan det vere? Må bli å finne rett ord!

@LNKno Ser at stuntet får respons her inne. Er språk eit heitt tema i redaksjonen også ?

@NRKbok Språk er på agendaen samstudens med alt vi gjer! Men nynorsk er ei utfordring, orda må leitas fram

@LNKno Blir spanande å fylgje med utover i månaden ! Kva håpar de kjem ut av stuntet?

@NRKbok Medvit om eit større norsk språk! Vi kan kome attende med røynslene!

@LNKno Og kor rart var det å bli intervjua på nynorsk, og om nynorsk?

@NRKbok Det var oppkvikkande! Fint med språk! Lettare jo meir vi tenker høgt og prøver her

Følg nynorsk-twitringa vidare på twitter.com/NRKbok  

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...