Heim Nyhende NRK kortar ned lokalradio-nyheitene

NRK kortar ned lokalradio-nyheitene

NRK vil kutte dei lokale morgonnyheitene på radio frå fem til to minutt. Det meiner journalistane vil gi lyttarane eit dårlegare tilbod.

 

Nedkortinga av sendetida kjem i samband med at NRK skal samkøyre nyheitssendingane til distriktskontora på P1 klokka 7.03 og 8.03 med sendingane på digitalkanalen P1+.

Journalist Oddgeir Øystese i NRK Hordaland meiner kuttet vil føre til eit dårlegare nyheitstilbod i NRK.

– Det er provoserande at mens andre mediehus kuttar på grunn av økonomien, så kuttar vi i nyheitstilbodet vårt ut frå ein kommersiell medietankegang. Behovet for sterke regionale medieformidlarar er større enn nokon gong, seier Øystese til NRK.

Fungerande kringkastingssjef, distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen, er ikkje einig i kritikken og seier avgjerda er basert på analysar av publikumsønske.

– Det er teknisk umogleg å tilby publikum distriktsnyheiter utan å formatere sendingane likt i P1 og P1+. Det betyr på ingen måte at lokalnyheitene på P1 er nedprioriterte, seier Gynnild-Johnsen, som strekar under at distriktskontora framleis skal ha ei samla sendeflate på seks timar.

– Eg trur at publikum uansett er så glade i radio at dei kjem til å følgje med på sendingane våre, seier Gynnild-Johnsen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...