Heim Nyhende Nøgde med Nyno

Nøgde med Nyno

Aftenposten-journalist Solveig Ruud har prøvd ut omsetjingsprogrammet Nyno på ein kommentar ho har skrive for avisa. Både høgskular, Språkrådet og Noregs mållag er nøgde med resultatet av omsetjinga frå bokmål til nynorsk.

 

Trine Gedde-Dahl ved Høgskolen i Oslo seier til Aftenposten om kommentaren som Ruud har skrive og omsett:

– Eg meiner denne teksten held til ein femmar, men noko blir jo litt snålt og feil fordi det er gjort av ein maskin.

– Bortsett frå fem grove feil, flyt det unekteleg godt. Likevel fell karakteren på grunn av dei avslørande feila. Slik teksten er no, er det inga sak å sjå at det er brukt omsetjingsprogram. Omsetjingsprogrammet er eit godt hjelpemiddel, men for at teksten skal bli god, må brukaren vurdere dei vala programmet gjer, seier rådgjevar i Språkrådet, Nina Teigland, til Afteposten.

Gro Morken Endresen, som er dagleg leiar i Noregs mållag, synest Nyno er eit brukande hjelpemiddel.

– Den overordna vurderinga er likevel at språket er bra, vel så bra som gjennomsnittet av nynorsk brukt i statsforvaltning, lokalaviser og så bortetter. Det er tydeleg at programmet slit med samsvarsbøying. Bortsett frå det, er det nokre få glippar som ser ut til å ha med feil i kjeldeteksten like mykje som veikskapar ved programvaren å gjere. Eg ville bli svært forbausa om språket i denne teksten hindra ein elev i å få den karakten som innhaldet elles fortente, meiner mållagsleiaren.

Her kan du lese heile kommentaren til Solveig Rudd, både med råomsetting og ferdig tekst klar for manuell korrektur.

Nyno er eit program for omsetjing av tekst frå bokmål til nynorsk. Produsenten, Nynodata, skriv sjølve om Nyno: ”Programmet effektiviserer arbeidet med å skrive om tekstar og gir hjelp til ein konsekvent formbruk”.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...