Heim Nyhende Mindre skattekontor kan bli nedlagde

Mindre skattekontor kan bli nedlagde


Regjeringa foreslår at skattedirektøren skal kunne leggja ned skattekontor med færre enn fem tilsette. Det betyr at 126 kontor kan bli nedlagde.

Skattedirektøren har til no ikkje kunna leggja ned kontor utan å få klarsignal frå Finansdepartementet først, skriv Nationen.

«Ein struktur med framleis mange små kontor er derimot utfordrande både fagleg og kostnadsmessig», er grunngjevinga når regjeringa i proposisjonen til Finansdepartementet i statsbudsjettet nemner at Skattedirektoratet har fått fullmakt til å leggja ned mindre skattekontor.

Fullmakta gjeld alle kontor som har færre enn fem tilsette – 126 kontor.

KrFs finanspolitiske talsmann Hans Olav Syversen er overraska over måten nedleggingane blir presentert for Stortinget på.

– Dersom regjeringa har tenkt å gje ei generalfullmakt til å leggja ned alle skattekontor som har færre enn fem tilsette, må eg seia det er ei stor strukturendring som eg er overraska over at dei vil gjere, seier Syversen.

Norsk Tjenestemannslag (NTL) skriv i eit høyringsnotat til finanskomiteen i samband med statsbudsjettet at det er «svært uroa» for kutta det er gjort forslag om. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...