Heim Nyhende Meiner rådmannen har meir makt enn ordføraren

Meiner rådmannen har meir makt enn ordføraren

Norske folkevalde er på mange måtar like sine europeiske kollegar. Men norske kommunestyremedlemmer er dei einaste som meiner at rådmannen har meir makt enn ordføraren.

Dette kjem fram i rapporten Norske kommunestyrerepresentantar i europeisk lys der 11 000 lokale folkevalde i 14 europeiske land blir samanlikna. Samanlikna med dei europeiske lokalpolitikarane meiner dei norske det er mindre viktig med til dømes direkte ordførarval, bruk av folkerøystingar og former for medverknad frå innbyggjarane. Dei nordiske politikarane er derimot meir opptekne av å sikre innbyggjarane eit godt tenestetilbod, skriv kommunal – og regionaldepartementet i ei pressemelding.

– Denne rapporten viser at lokaldemokratiet verkar ulikt frå land til land. Den gir oss også eit grunnlag for å tenkje over om det er trekk ved lokaldemokratiet som kan bli betre. Dette skal me ha med oss i vårt vidare arbeid for å utvikle lokaldemokratiet, seier kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Les rapporten her.

Førre artikkelDiktarvegen lagt på is
Neste artikkelVi har ein vinnar

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...