Heim Nyhende Mediemålpris til sogning i NRK

Mediemålpris til sogning i NRK

Alf Helleviks mediemålpris på 25.000 kroner går i år til Siri Kleiven Strøm i NRK Hordaland.

 

– Siri Kleiven Strøm er språkleg trygg og formulerer seg presist og lettfatteleg. Ho har eit godt og tydeleg språk både i reportasjar og direkterapportering og ligg tett opp til normert nynorsk også når ho rapporterer utan manus. Kleiven Strøm får bodskapen fram utan å gå språklege omvegar. Ho er ein god representant for nynorsken når ho står fram på riksnettet, meiner juryen mellom anna.

Siri Kleiven Strøm er fødd i 1987 og oppvaksen på Årdalstangen i Sogn og bur no i Bergen. I dag er ho programleiar og reporter i Vestlandsrevyen og programleiar i Norge i dag.

Alf Helleviks mediemålpris har vore delt ut sidan 1998 og skal gå til ein yngre, fast nynorskbrukar i radio eller fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.

Prisen vart delt ut på årsmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget torsdag. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...