Heim Nyhende Manko på høgskulelærarar kan stoppe skuleløft

Manko på høgskulelærarar kan stoppe skuleløft

 

Mangelen på høgskulelærarar er kritisk, og han aukar, ifølgje Forskerforbundet.

 

Lærarmangelen kan skape problem for skuleløftet som regjeringa har gått til val på, åtvarar forbundet.

I 2020 vil det mangle 23.000 lærarar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil ha fleire inn i læraryrket og dessutan auke tilbodet om etter- og vidareutdanning av dagens lærarar.

På toppen av det heile kjem pensjonsbølgja, som fører til at ein tredel av dagens lærarar må erstattast det neste tiåret, påpeiker Forskerforbundets leiar Petter Aaslestad.

Han meiner kunnskapsministeren snarast må ta ein prat med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, som har statens arbeidsgjevaransvar.

– Det hastar med ein offensiv strategi som kartlegg det nøyaktige behovet for rekruttering og som konkret satsar på læraren til lærarane, blant anna gjennom konkurransedyktig lønn, seier Aaslestad.

Utrekningane til Forskerforbundet viser eit behov for 1.200 nye høgskulelærarar innan 2020, berre for å dekke undervisingsbehovet for dei 23.000 ekstra lærarstudentane som er venta. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...