Heim Nyhende Målungdommen nøgd med regjeringserklæringa

Målungdommen nøgd med regjeringserklæringa

–  Norsk Målungdom er glad for at vi har blitt lytta til i sidemålsspørsmålet, seier leiar Vebjørn Sture om regjeringserklæringa.

 

Målungdommen er glad for at Høgre og Frp går inn for å styrkja norskfaget og gjera opplæringa i sidemål betre i staden for å fjerna henne.

–  Vi er nøgde med at den nye regjeringa har prioritert meir kunnskap i skulen framfor gamle kjepphestar, seier Sture i ei pressemelding.

I regjeringserklæringa heiter det mellom anna at regjeringa vil vurdera å setja ned eit utval som skal styrkja norskfaget og gjera sidemålsundervisninga meir engasjerande.  

Vidare heiter det at regjeringa vil støtta opp under begge målformene som hovudmål. Dei to regjeringspartia vil likevel uthola mållova ved å erstatta retten folk har i dag til å få svar på eiga målform, med at tilsette i staten og språknøytrale kommunar skal ha rett til å bruka si eiga målform.

Leiaren i Norsk Målungdom er likevel ikkje redd for at den nye regjeringa får gjennomslag for dette.

–  Høgre og Frp er dei einaste partia som har gått til val på å svekkja den språklege likestillinga i statstenesta. Stortingsfleirtalet som trengst for å gjennomføra det, eksisterer ikkje, slår Sture fast. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...