Heim Nyhende Lovar opprydding

Lovar opprydding

NDLA varslar at dei vil setje i gong strakstiltak for å sikre kvaliteten på nynorsktekstane i det digitale læremiddelet.

I eit brev til Nynorsk Forum gjer dei greie for kva tiltak dei vil setje i verk, og her slår dei samstundes fast at alt berande lærestoff på www.ndla.no vil vere språkvaska og kvalitetssikra på båe målformer til skulestart hausten 2010.

Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) vart i vinter kritisert av organisasjonane i Nynorsk Forum for å ha for dårleg språk i lærestoffet sitt. Noregs Mållag viste mellom anna til at nettstaden bruker ord som ikkje finst i ordboka.

No lovar NDLA å bruke inntil 2 millionar kroner på å språkvaske alle sidene. Dei har og etablert nye rutinar for kvalitetssikring av fagstoffet og språket det blir ført i.

– Det seier mykje om alvoret og dimensjonane i denne saka at styret i NDLA svarar så tydeleg og så klart erkjenner at dei har svært mykje å rette opp, seier sekretær for Nynorsk Forum og direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.

Nynorsk Forum vil no sende brev til Kunnskapsdepartementet og gjere greie for sitt overordna syn på saka. Her vil punkt som kvalitet på læremiddel, skulane sin rett til å velje læremiddel, kvalitetssikring av språk og omfang av nynorsk i digitale læremiddel vere vesentlege, seier Grepstad.

Førre artikkelRådmenn er menn
Neste artikkelMytisk merkevare

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...