Heim Nyhende Litteratur bygger identitet

Litteratur bygger identitet

Snart er det duka for Nynorske Litteraturdagar i Aurland. I år kjem mellom andre Finn Tokvam, Tove Bakke og Arnfinn Nordbø.

Det er Aurland kommune som står bak litteraturfestivalen, som 30. oktober til 1. november går av stabelen for fjerde året på rad. I år får musikken ein større plass i programmet enn han har hatt før. Målet er å binde litteratur og musikk saman.

– Føremålet med litteraturdagane er ikkje først og fremst målsak, men å skape eit fokus på nynorsk identitet og språk. Det er også eit føremål å skape eit tiltak litt utanom den vanlege reiselivsesongen i Aurland, seier prosjektleiar Arve Tokvam.

Han legg vekt på at festivalen haustar god omtale og har etablert seg som ein litteraturfestival for eit bredt publikum.

– Me har ikkje noko tema for festivalen, slik som mange andre har. Dette skal vere eit lågterskeltilbod der det er noko for ein kvar smak, seier Tokvam og legg vekt på at ein her finn interessant program både for litteraturinteresserte, studentar og andre.

Nynorske Litteraturdagar i Aurland er også viktig for omdømmebygginga av kommunen.

– Det er ganske unikt at ein kommune står bak eit slikt prosjekt, meiner Arve Tokvam.

I år kan du høyre blant andre omsetjar Tove Bakke, forfattaren av boka ”Betre død enn homofil”, Arnfinn Nordbø, og humørspreiar Linda Eide. Her blir det også konsert med Olav Stedje, barne- og familiearrangement med Geirr Lystrup, teikneserieverkstad med Øystein Runde og Stand Up med Finn Tokvam.  

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...