Heim Nyhende Lærer vekk norsk på bokmål i nynorskland

Lærer vekk norsk på bokmål i nynorskland

Kva målform innvandrarar skal lære har i fleire år vore eit omdiskutert tema. Også under LNK sitt landsting i Suldal blei dette nemnd. I Nordhordland opplever dei problematikken på nært hald.

I dag går rundt 200 vaksne innvandrarar i Nordhordland på norskopplæring på bokmål, skriv Strilen. Dette skjer midt i hjarta av nynorskland.

Årsaka til at innvandrar som bur i eit område der dialekta ligg nært opp til nynorsk ikkje får norskundervisning på denne målforma, er at det ikkje finst læremiddel på nynorsk.

Det er kommunane som er plikta til å tilby opplæring, men utan læremiddel på nynorsk vel dei fleste nynorskkommunane å undervisa på bokmål, ikkje berre skriftleg, men munnleg. Hovudsakleg for ikkje å forvirra innvandrarane med to målføre, vert det hevda.

Men kva når borna treng hjelp til dei skriftlege leksene på nynorsk? Og kva når naboen, dei på butikken, i posten, i banken og på foreldremøte på skulen bablar i veg på strilemål eller andre dialektar dei vaksne ikkje har lært, spør Strilen.

Lindås Lærings- og utgreiingssenter i Knarvik har 178 elevar frå 33 nasjonar.

– Born lærer eit nytt språk hurtigare enn ein vaksen, og me opplever ofte at det er borna som hjelper den vaksne med språket og ikkje omvendt, seier Sally K. Solberg, inspektør ved læringssenteret.

Ifølgje tal ho har funne på internett, er det i Noreg i dag 87 – 89 prosent som brukar bokmål som skriftspråk. Resten brukar nynorsk. Dialektar har me veldig mange av.

– Hovudfokuset for ein vaksen førstegenerasjonsinnvandrar må vera kommunikasjon – at dei forstår og kan bruka språket norsk i kvardagen. Så kjem resten etter kvart. Dei færraste klarer å læra seg eit perfekt skriftspråk anten det er bokmål eller nynorsk, seier ho.

Førre artikkelRyfylkemuseet med i LNK
Neste artikkelLeiartalar

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...