Heim Nyhende Kven er Årets nynorskbrukar?

Kven er Årets nynorskbrukar?

No kan du sende inn forslag!

 

Nynorsk kultursentrum ber om framlegg til kven som bør få prisen «Årets  nynorskbrukar 2016». Alle som vil, kan føreslå kandidatar til det direktør Ottar Grepstad sjølv kallar «den fremste nynorskprisen».

– Dette er ein av dei få prisane som dekkjer alle samfunnsområde, seier han i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum

LES OGSÅ: Ein usannsynleg nynorskbrukar

Fristen for å føreslå kandidatar er onsdag 10. februar og få veker seinare vil styret i Nynorsk kultursentrum ta si avgjerd.

Den gjeve prisen er på 100 000 kroner og vert kvart år delt ut ved opninga av Dei nynorske festspela.

Fjorårets vinnar, kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg, var blant dei 29 framlegga som kom inn i fjor. Dei andre forslaga vert tekne med i vurderinga også i år.

– Mange bør prisast for innsatsen sin over lang tid, men Nynorsk kultursentrum vil med denne prisen særleg framheve det som skjer her og no, på ulike samfunnsområde, seier Grepstad. 

LES OGSÅ: Nynorsk-brørne er Årets nynorskbrukarar

Årets nynorskbrukarar 2000–2015

2000    Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

2001    Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2002    Ringstabekk skole

2003    Redaktør Martin Toft

2004    Musikkgruppa Side Brok

2005    Forfattar Kjartan Fløgstad

2006    Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007    Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008    ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2009    Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010    Forfattar Maria Parr

2011    Bloggar Linda Sæbø

2012    Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2013    Filosofen Gunnar Skirbekk

2014    Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015    Kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...