Heim Nyhende Kven blir Årets nynorskkommune 2012?

Kven blir Årets nynorskkommune 2012?

Kommunal- og regionaldepartementet oppmodar no nynorskkommunar og –fylke om å søkje om å få bli Årets nynorskkommune 2012.

– Prisen skal stimulere til god nynorskbruk i kommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Prisen Årets nynorskkommune blir delt ut for fjerde gong i haust. Navarsete er oppteken av at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine.

– Nynorsk er ein viktig del av vår nasjonale kulturarv. Målforma har ein sentral plass i vår nasjonale litteratur. Nynorsk skapar identitet og nærleik. Ein nynorskkommune profilerer kommunen sin godt på nynorsk, seier statsråden i ei pressemelding.

Prisen Årets nynorskkommune vart innført i 2009. Prisen er på 100 000 kroner, og kommunane må sjølve søke om å få bli Årets nynorskkommune. Kriteria er at kommunen er aktiv på eitt eller fleire av desse områda:

– aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar

– aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen

– god målbruk blant tilsette

– marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement

– tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Kriteria er utarbeidd av Kommunal- og regionaldepartementet saman med LNK. Søknadsfristen er 1. oktober 2012, og prisen blir delt ut i løpet av november.

Tidlegare vinnarar:

2011 – Fjell kommune i Hordaland

2010 – Seljord kommune i Telemark

2009 – Stord kommune i Hordaland

Les også:

Stolt ordførar i Fjell

Slik vart Seljord Årets nynorskkommune

Prispengane dekkjer underskot

Lanserer ny pris

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...