Heim Nyhende – Kva vil Høgre med nynorsken?

– Kva vil Høgre med nynorsken?

 

Sentrale målfolk i Møre og Romsdal stiller no spørsmålet: Kva vil Høgre med sidemålet og nynorsken? 

– Høgre har dette året gjort to omstridde vedtak når det gjeld språk, kultur og utdanning. Partiet har programfesta at dei vil fjerne karakteren i sidemål både i ungdomsskulen og i vidaregåande og at dei vil la det personlege språkvalet til statlege tilsette styre staten sitt språk, skriv Terje Kjøde, Sunnmøre Mållag, Øyvind Fenne, Romsdal Mållag og Trond Skogseth, Nordmøre Mållag i eit lesarbrev i Tidens Krav. 

Dei viser til at Høgre skriv dette om sidemålsordninga: «Bruke tekster både på bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom hele skoleløpet. Avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskolen og den videregående skolen».

– Det var stor motstand mot vedtaket på Høgre sitt landsmøte i vår, og ei rekkje representantar har prøvd seg på ulike tolkingar. Fleire har i ettertid sagt at vedtaket tyder at det framleis skal vere skriftleg opplæring i sidemål. Likevel seier skulebyråd i Oslo for Høgre, Torgeir Ødegaard, at vedtaket tyder at skriftleg sidemålsundervisning skal vere valfri. Så kva meiner Høgre eigentleg?

Les også: Vil behalde mållova

No etterlyser mållagsleiarane kva listetoppane i Møre og Romsdal meiner om nynorsken og sidemålet. 

– Sist onsdag uttalte Høgre-leiar Erna Solberg i Vestlandsdebatten på NRK at alle skal lære sidemål, men det skal ikkje vere ei skriftleg øvingsform. Dvs. ikkje ein gong valfri opplæring i sidemål (les nynorsk)! Det er klar tale, men dramatisk, skriv dei. 

Dei stiller også spørsmål ved Høgre sitt framlegg om å erstatte dagens rett til å få svar på eiga målform med ein rett for tilsette i staten og språknøytrale kommunar til å bruke si eiga målform.

Les også: – Sidemålet gir elevane angst 

– Meiner Høgre då at verken kommunar, politi, Nav, fylkeskommunar, helseføretak eller andre etatar ute i nynorskområda skal kunne vente at staten vender seg til dei på nynorsk? Er det rett og slett opp til det personlege valet åt byråkraten?

 

Førre artikkel– Dette er trist
Neste artikkelKvar fjerde veljar i tvil

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...