Heim Nyhende Kommunereform skaper uvisse for fylkesmenn

Kommunereform skaper uvisse for fylkesmenn

Den planlagde kommunereforma fører til at fire ledige stillingar som fylkesmenn no blir lyste ut som mellombelse i staden for åremål på seks år.

 

Dei fire stillingane med usikker sluttdato er fylkesmannsembeta i Nordland, Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal og Østfold, fortel Nationen.

I utlysingsteksten står det at stillingane er ledige frå 1. november i år og varer fram til ei eventuell endring, seinast 1. januar 2019, fortel avisa.

Parlamentarisk leiar i Sp Marit Arnstad er kritisk til at stillingane som fylkesmenn blir lyste ut på denne måten.

– Det er klart at regjeringa vil slå saman fylkesmannsembete, men at dei er for feige til å seia det i valkampen, seier ho.

Ho peikar på at samanslåing av fylkesmannsembete ikkje berre får konsekvensar for dei som ønskjer å søkja på stillingane, men også for landbruket. Fylkesmannen forvaltar nemleg tilskots- og erstatningsordningane til landbruket.

– For eit landbruksfylke som Nord-Trøndelag vil det ha mykje å seia om landbruksdirektøren sit i Steinkjer eller Trondheim, seier ho.

Statssekretær Paul Chaffey (H) viser til at Stortinget har sagt at dei ønskjer at også fylkeskommunane tek «nabopraten» i samband med kommunereforma.

– Då er det naturleg at staten også ser på organiseringa si, seier han.

Han meiner det vil føra til mindre uvisse i neste omgang og at staten då kan tilsetja fylkesmenn på vanleg måte.

Han stadfestar at regjeringa ønskjer å slå saman fylkesmannsembete.

– Vi trur det er grunnlag for det. Vi har slege saman i Agder, og det kan vera aktuelt for fleire, seier han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...