Heim Nyhende Kari Stai er festspeldiktar i 2023

Kari Stai er festspeldiktar i 2023

– Eg vart nokså overrumpla og mållaus da eg vart spurt om å vere festspeldiktar! For ei ære!, seier forfattar, illustratør og biletkunstnar Kari Stai. No gler ho seg til å treffe publikum på Festspela i Aasentunet 8.–11. juni 2023.

– I 2023 kan vi feire 100 år med nynorske biletbøker. Kari Stai er ein viktig fornyar av denne tradisjonen, og blant dei fremste biletbokforfattarane i norsk litteraturhistorie. Vi ser fram til å skape programpostar for både store og små med dette spennande bakteppet, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik i ei pressemelding.

Den komande festspeldiktaren takka ja med det same og synest det er ei stor ære å bli spurt.

– Aasentunet er for meg ein utruleg vakker plass. Det er ei ro der, samstundes som det er eit knutepunkt og eit sentrum med kulturelt trøkk. Eg har alltid vore ein beundrar av arkitekturen til Sverre Fehn, seier den komande festspeldiktaren.

Ho fortel at ho berre har vore på Festspela éin gong tidlegare, i 2010.

– Då las eg Blodrik og Blodfabrikken for ein stor barneskare.

No gler ho seg til å setje sitt preg på programmet som festspeldiktar.

Kari Stai er har eit fargerikt, særmerkt og stilisert formspråk. Ho lagar biletbøker for barn på nynorsk og er mest kjent for barnebøkene om dei to gode vennane Jakob og Neikob, som seier høvesvis ja og nei. For Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake, vann Stai både Kritikarprisen og Brageprisen i 2012.

Festspela 2023 blir gjennomført i Aasentunet og ved andre arenaer på Søre Sunnmøre 8.– 11. juni 2023. Programplanlegginga er i gang.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...