Heim Nyhende Jobbar for tunnel gjennom Vikafjellet

Jobbar for tunnel gjennom Vikafjellet

Næringsorganisasjonane i Voss, Balestrand, Høyanger, Leikanger og Sogndal står no saman og krev tunnel gjennom Vikafjellet. 

Organisasjonane har nyleg skrive eit felles brev til samferdsleminister Marit Arnstad (Sp) og bede om eit møte for å leggje fram synspunkta sine på kva som må gjerast med riksveg 13 over Vikafjellet.

Mykje er klart

Det er Høyanger Næringsutvikling AS, Balestrand Næringsforum, Opplev Leikanger, Sogndal Handel og Service, Sogn Næring, Vik Næringssamskipnad, Voss Fjellandsby, Voss Sentrum og Destinasjon Voss som står som avsendarar på brevet.

Ifølgje avisa Hordaland meiner organisasjonane at rv. 13 over Vikafjellet er den mest stengde riksvegen, trass i at han er definert som heildøgnsopen. Dei peikar vidare på at dei overordna planane som vedkjem Vikafjellet, er klare, sidan Vik kommune og fylkeskommunane har fatta like vedtak om traséval, og at ein Vikafjell-tunnel er prioritert av dei regionale vegstyresmaktene.

Må hengje saman

For reiselivskommunen Voss er vinterstengd veg over Vikafjellet ei stor utfordring, seier Anne Grete Bakke, dagleg leiar I Destinasjon Voss. 

– Koplinga mellom Voss og Vik er veldig viktig for oss, spesielt med tanke på den utbygginga som Voss driv med i Myrkdalen. Vi treng å knyte saman fjell og fjord og sikre heilårsferdsel.

Føremålet med brevet og eit møte med samferdsleministeren er å få sett lys på kor viktig tunnelen er for å knyte regionane saman, særleg med tanke på ein felles bu- og arbeidsmarknad. Det endelege målet er å få tunnel gjennom Vikafjellet inn i den nasjonale transportplanen for 2014–23. 

– Denne saka må vi løfte fram lokalt, og det aller viktigaste for oss no er å bli sette og høyrde på bakgrunn kva behov vi har, seier Anne Grete Bakke.

Førre artikkelSolstad: Nynorsken er redninga
Neste artikkelNynorsk i 140

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...