Heim Nyhende I innspurten med Kvitebjørnen

I innspurten med Kvitebjørnen

Det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen er i innspurten av den femårige prosjektfasen. 

No håpar ein at skulane skal sjå på prosjektet som ein ressursbase med fagleg innhald på nynorsk.

Utfordringa til Kvitebjørnen – undring og læring er å leve vidare etter pilotprosjektfasen og få fleire til å sjå på Kvitebjørnen.no som ein ressursbase for fagleg innhald på nynorsk.

– Me må få formidla til rektorar, lærarar, fagpersonell ved lærarutdanningsinstitusjonar og lærarstudentar at dette er eit opplegg som ligg klart til å bli nytta, seier prosjektleiar Astrid Eidhammer Hjelmeland.

Hjelmeland meiner opplegget vil passe perfekt som materiell til dei nye valfaga som grunnskulen tilbyr elevar frå og med 8. klasse.

– Me ser eit potensiale til å nå ut til lærarar som treng gode løysingar og opplegg for undervisninga i desse faga, slår Hjelmeland fast.

Mykje å hente

Det er lærar Egil Dolmen ved Sunnylven skule heilt samd i. Sunnylven i Stranda kommune er ein av 10 skular som deltek i Kvitebjørn-prosjektet.

– Her er det mykje å hente for lærarar på andre trinn også, det har absolutt potensial til å bli ein god ressursbase på nynorsk, seier han.

I haust rundar ein av prosjektet med eit pedagogisk opplegg for 10. trinn. Dette opplegget er utvikla av Trude Hoel, Sidsel Ødegård og Anne Grethe Aven. Temaet for opplegget er «Å forska på eige liv og lesing sett i samband med kompetansemål etter 10. trinn».

I forprosjektet til Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 vart det gjort framlegg om å lage eit pedagogisk opplegg som kan få elevane til å reflektere over eige nærmiljø, kultur og lokalt næringsgrunnlag med tanke på eige engasjement og involvering.

Litterær refleksjon

Kvitebjørnen er ikkje primært eit leseprosjekt eller ei lesesatsing, men eit opplegg der ein nyttar Løland sine tekstar til å skape refleksjon og haldningar. I løpet av desse åra har elevane i tillegg til å bli kjende med forfattaren Rasmus Løland jobba med ulike metodar for å bli betre kjende med seg sjølve, sitt eige språk og sitt eige lokalmiljø. Dei har laga skodespel, jobba med forteljeteknikkar, laga utstilling med utgangspunkt i innovativ tenking, filosofert og laga kollasjar, teikneseriar og filmar om før og nå. LNK var ein av stiftarane bak Rasmus Løland-stiftinga. Det pedagogiske opplegget vil bli overlevert til Ryfylkemuseet (Lølandsenteret) etter at prosjektet er gjennomført.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...