Heim Nyhende Hardanger-opprøret stilnar

Hardanger-opprøret stilnar

Opprøret mot høgspentmaster i Hardanger kan vera i ferd med å leggja seg.

Sentrale ordførarar seier til NRK at dei ikkje lenger vil oppmoda til sivil ulydnad, sjølv om det blir master og ikkje sjøkabel.

Ap-ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland, og Venstre-ordførar Mona Hellesnes i Ulvik seier at dei vil respektera tilrådingane til dei fire regjeringsoppnemnde utvala. Dei to kommunane har vore sterkt engasjerte i striden om høgspentmaster på strekninga Samnanger-Sima.

– Eg har full tiltru til at utvala gjer ein grundig jobb. Viss det viser seg at det teknisk sett blir umogleg med sjøkabel, vil vi respektera det, seier Hellesnes til NRK.

Utvala skal leggja fram rapportane sine til olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) 1. februar.

NRK presenterte torsdag ei ny meiningsmåling som viser at 66 prosent av dei spurte seier at master er ei akseptabel løysing. Målinga blei gjort i desember og viser ein auke frå 55 prosent i månaden før.

Mykje tyder på at den strenge kulden også denne vinteren og nye spekulasjonar om straumrasjonering har medverka til den veksande aksepten i befolkninga.

Statnett har heile tida meint at sjøkabel både blir for dyrt og for komplisert og at dette alternativt vil forlengja den usikre forsyningssituasjonen med fem-seks år. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...