Heim Nyhende Harald Rønneberg får Dialektprisen 2012

Harald Rønneberg får Dialektprisen 2012

Norsk Målungdom deler ut Dialektprisen 2012 til TV-personlegdomen Harald Rønneberg.

– Harald Rønneberg har gjennom ei årrekkje vore ein stødig og positiv ambassadør for haldensmålet i det offentlege rommet, og eit godt språkleg føredøme for ungdom, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Hevar statusen

Dialektprisen blir delt ut éin gong i året, og går til offentlege personar som har utmerkt seg med god og genuin bruk av dialekt. Sture framhevar at Rønneberg bruker ein dialekt som ikkje så mange andre viser fram på TV.

– I Noreg har dialektar generelt høg status, men særleg på Austlandet blir enkelte dialektar sett meir ned på. Talemålet i hovudstaden har til dømes mykje høgare status enn dialektane i områda rundt. Østfoldingen Harald Rønnebergs konsekvente og sjølvsikre dialektbruk er med på å motverke denne ulikskapen, forklarer Sture, som overrekkjer prisen under Norsk Målungdoms haustkonferanse i Drammen no på laurdag.

Folkekjær prisvinnar

Harald Rønneberg (f. 1973) er frå Halden i Østfold, og har vore programleiar på TV2 i nærare ti år – fyrst i Idol, deretter for Senkveld. Rønneberg har tidlegare vunne fleire Gullruten-prisar, og er no den fyrste østfoldingen som blir tildelt Dialektprisen.

Prestisjetungt

Dialektprisen har blitt delt ut årleg sidan 2001. Prisen har opparbeidd seg status som ein av dei mest prestisjetunge språkprisane i Noreg – kanskje særleg fordi prisen blir vedteken gjennom ein demokratisk prosess av språkengasjerte ungdomar. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Ravi, Ingrid Bolsø Berdal, Eli Kari Gjengedal og Lars Vaular.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...