Heim Nyhende Grepstad tar fatt i opplæringspolitikken

Grepstad tar fatt i opplæringspolitikken

Direktøren i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, skal i årstalen om tilstanden for nynorsk skiftkultur kommande torsdag ta for seg opplæringspolitikken.

– Den saka er brennaktuell, og mange har sterke meiningar, seier Grepstad.

– Eg vonar denne talen kan opne for konstruktiv nytenking om det mest omstridde emnet i norsk språkpolitikk. Derfor seier eg også klart frå om kva som bør stå fast og ikkje endrast, seier han i ei pressemelding.

«Gledene ved plikta» er tittelen på det årlege foredraget, der Grepstad neppe kjem utanom spørsmålet om det framleis bør givast eigen karakter i norsk sidemål. Tidlegare språkdirektør Sylfest Lomheim skapte debatt da han i sommar gjekk inn for éin felles samlekarakter for hovudmål og sidemål i norskfaget i staden for to, slik ordninga er i dag.

Lomheim møtte motbør frå blant andre kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp), som i juni meinte jamstillinga av nynorsk og bokmål i skolen er svært viktig.

– Det er i skulen kampen vil stå når det gjeld å få lov til å halda fram å ha to jamstelte målformer, sa ho til Nynorsk pressekontor da og sa seg skeptisk til Lomheims framlegg.

Ottar Grepstad held talen sin i Ivar Aasen-tunet i Ørsta torsdag 22. september. Årstalen er den ellevte i rekkja frå den kanten. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...