Heim Nyhende For lite nynorsk i IMDi

For lite nynorsk i IMDi

Erlend Walseth i Ørsta opplæringsssenter meiner det er for lite nynorsk materiell tilgjengeleg hjå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

 

– Vi meiner at både heimesida og informasjonsmateriellet til IMDi bør vere tilgjengeleg for innvandrarar som lærer og brukar nynorsk, skriv Walseth i eit brev til IMDi.

IMDi er eit kompetansesenter og skal vere ein pådrivar for integrering og mangfald. Walseth peikar på at dette ikkje kjem nynorskkommunane godt nok til gode.

Les også : Nynorsk vaksenopplæring og Mange oppgåver for Vox

– IMDi har mykje informasjonsmateriell som dei ynskjer skal kome nye innbyggjarar til gode; eigne og eksterne publikasjonar, samt innhaldet på IMDi si heimeside generelt. Samanlikna med bokmålskommunar vert vi lite assistert av dykkar arbeid. Spanande og relevante lenker og eigenprodusert informasjonsmateriell kan ikkje nyttast i vår undervisning utan at det krevst vesentleg innsats til dømes gjennom omsetjing, skriv Walseth og viser til at det også er krevjande for deltakarane å finne fram på eiga hand når alt er på bokmål, skriv Walseth i brevet.

Ørsta opplæringssenter meiner det er naturleg å nytte nynorsk i norskundervisninga for innvandrarar.

– Mange stadar i landet må elevane lære bokmål skriftleg og munnleg, men når dei til dømes skal i butikken vert dei møtt av ein dialekt som er særs ulik språket dei lærer på skulen. Våre elevar slepp dette. Våre flyktningar vil framstå som meir «lokale» dersom dei snakkar nynorsk, og samstundes vil dei lettare kunne forstå andre i nærmiljøet – og på arbeidsplassen – dersom dei har fått undervisning i nynorsk munnleg.

I brevet blir det også lagt vekt på at alle sju kommunane på Søre Sunnmøre underviser innvandrarar på nynorsk,i tillegg til fleire kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland, og at behovet for meir tilgjengeleg materiell på nynorsk er ganske stort.  I fylgje IMDi sin eigen strategi skal dei vere med å bidra til at det blir gjennomført eit lokalt tilpassa integrerings- og mangfaldsarbeid.

Det lukkast ikkje redaksjonen å kome i kontakt med IMDi i dag.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...