Heim Nyhende Etterlyser ungdomslitteratur på samisk

Etterlyser ungdomslitteratur på samisk

For å få ei reell jamstelling av samisk og norsk etterlyser den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh! meir populærlitteratur utgjeven både på samisk og norsk.

Leiar i ungdomsorganisasjonen Noereh!, Helge Aslaksen Ravna, seier til Framtida.no at omsetjing av internasjonal litteratur til samisk vil vera eit friskt pust for både språket og litteraturen.
Ifølgje Ravna er det særs lite populærlitteratur som kjem ut på samisk, og unge samar i byane har ingen litteratur å lesa på eige morsmål. Medan samiske forfattarar, ifølgje Ravna, gjerne skriv frå tradisjonelle miljø, ynskjer Ravna fleire omsetjingar for å gjera språket levande på ein annan måte.

– Vi må ikkje vera redde for å utvida språket. Vert det for gammaldags, klarar det ikkje å overleve, seier Ravna til Framtida.no.
Medan det finst ein god del samisk litteratur for barn, er det verre for ungdom i ungdomsskulen som ynskjer å lesa på sitt eige språk. Ravna oppmodar alle, inkludert politikarar, til å engasjera seg og setja problemet med for lite samisk litteratur for ungdom på dagsorden.

Ingen søknadar

Sametinget har sett av 6 millionar kroner til å utgje samisk litteratur. Av desse skal 60 prosent nyttast til skjønnlitteratur med samiske originalmanus, digitale utgjevingar innan skjønnlitteratur, og omsetjing av populær- og verdslitteratur for barn og unge.

 

Ansvarleg politikar på Sametinget, Vibeke Larsen (Ap) sit i Sametingsrådet som fordeler midlane. Ho fortel til Framtida.no at ingen forlag har søkt midlar til omsetjing. Søknadar dei har motteke er til eigenproduksjon.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...